Avisa Midstiden på besøk en uke før åpning

– Her skal det vera lett å finna fram
Midtsiden har vore på omvising hos Bygger'n ei veke før opning

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, april 12, 2016 - 12:07

I neste veke opna Bygger'n i Os igjen. Det nybygde varehuset i Industrivegen er for lengst ferdig, no blir det jobba for fullt med å setja varer på plass.

Les òg: Hodneland sjef når Bygger'n gjer comeback i Os

– Utstillingar skal byggast, vi skal skilta godt og vi har framleis ledige hyller som skal fyllast med varer, seier kjededirektør Christine Holm.

Ho besøker Os i dag og skal tilbake både på VIP-opninga i neste veke og den offisielle opninga dagen etter.

– Vi kan bli mellom 100 og 200 gjestar kvelden før opning. Då blir det tapas og underhaldning med Marit Voldsæter, så det gler vi oss skikkeleg til.
– Ei glede å bygga frå scratch

På den 4,9 mål store tomta har EA Smith bygd eit 1300 kvadratmeter stort byggevarehus.

– Dette er delt inn i varm sone på 400 kvadratmeter og kald sone på 900 kvadratmeter. Vi er ikkje opptatt av å ha det største varehuset, men vi vil vera kompakt og ryddig. Det skal vera lett å finna fram og du skal få hjelp av fagfolk.

Blant dei tilsette er det både tømrarar, tidlegare snekkarar og folk med lang fartstid i byggevarehus på Aust- og Vestlandet.

– Det har vore ei glede å bygga frå scratch, eg føler vi har fått mykje ut av både tomta og bygget.

I dag fekk Midtsiden ei omvising i både varm og kald sone, der det er høg aktivitet med bygging av dei siste utstillingane og plassering av varer i små og store hyller.

Christine Holm besøker Bygger'n Os Vest en uke før åpninga.
Kjededirektør Christine Holm besøker Os i dag, veka før opning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bygger'n Os Vest trelastlageret

Bygger'n Os Vest trelastlageret

Bygger'n Os Vest trelastlageret

Bygger'n Os Vest uteområde

Bygger'n Os Vest - vi gjør butikken klar til åpningen

Bygger'n Os Vest - vi gjør butikken klar til åpningen

Bygger'n Os Vest - vi gjør butikken klar til åpningen

 

Artikkelen er hentet fra Midtsiden 12. april 2016

Bygger'n Os vest

[Missing text /department/address for no]
Industriveien 39-41
5210 Os
Telefon
90088462
Åpningstider
Mandag-fredag: 07.00-17.00
Lørdag: 09.00-15.00
E-post
Facebook