Då jula kom til Bøvågen

Alvene på jobb hos Bygger’n Stevnebø fekk mykje å gjera då det blei arrangert julemarknad i Bøvågen, ei lita bygd nord for Bergen.

Lystoget er ein årlig tradisjon i bygda og arrangeres kvar 1. desember i regi av Bøvågen velforening. Med god hjelp fra Bunnpris Bøvågen, Hordabø Idrettslag og Bøvågen Service bestemde Bygger’n Stevnebø seg for å utvide dagen med ein julemarknad.

Juleverkstad for ungane

Det ble difor reist et stort telt utenfor Bygger'n Stevnebø, der heile Hordabø barneskule kom til juleverkstad.

- Skulen blei svært glad for invitasjon, og kom ned til oss i to og to klasser. Her fekk dei velja mellom tre ulike ting dei kunne lage hjå oss, og etterpå blei det servert pepperkaker og kakao av alvene på jobb, medan dei varma seg rundt bålpanna, forteljar Katinka Stevnebø og Silje Ottesen Stevnebø fra Bygger’n Stevnebø.

Alt av rest etter juleverkstaden har skulen fått levert, for å bruke i sløydtimane, slik at alle skuleelevene fekk mulighet til å lage fleire ting til jul.

Julestemninga kom med nissen

På ettermiddagen forvandla juleverkstaden seg til julemarknad. Og mens lystoget gikk, kom julenissen med godteposer til stor glede for dei frammøtte. På marknaden hadde mange lokale bedrifter og produsenter kome for å vise fram sine produkter. Til og med ordføraren og varaordføraren bidro til arrangementet med gløgg til alle.

- I alt blei det en veldig fin dag og vi har fått mykje positive tilbakemeldinger. Vi håper dette kan bli en ny tradisjon i Bøvågen, seier Katinka og Silje

Opprettet
09.12.2021
Oppdatert
10.12.2021
Icons/Large/Chat