Bygger'n Teigen feirer 40 år

Sidan 1985 har Teigen Bygg & Trelast AS, også kjent som Bygger’n Teigen, vore ein sentral aktør i byggebransjen på Husnes og i distriktet rundt. Det som starta som ein lokal byggevarehandel og entreprenør, har gjennom åra vakse til å bli ein hjørnestein i lokalt næringsliv, med både fagkompetanse, engasjement og sterke røter i bygda.

No feirar de 40 år, med gode tilbod, leverandørar til stades, enkel servering og konkurranse for barna.

Bedrifta har i dag om lag 35 tilsette. Hovudverksemda er engroshandel av trelast og oppføring av bygg, men i tillegg er selskapet ein del av konsernet Teigen Holding AS, som omfattar fleire verksemder innan bygg- og anleggsbransjen.

Frå lokale røter til nasjonal anerkjenning

Gjennom fire tiår har Teigen Bygg & Trelast bygd meir enn hus – dei har bygd tillit. Dette har gitt resultat:

  • I 2024 blei selskapet kåra til Årets HEIM-forhandlar av HEIM Boligsystem, ein kjede eigd av E.A. Smith AS.
  • Heile fem gonger er Teigen tildelt prisen som Årets HIBA-forhandlar. (Gamle HEIM Boligsystem)
  • To gonger har bedrifta blitt kåra til Årets Bygger’n.

Desse utmerkingane kjem ikkje av seg sjølv, men er eit resultat av langvarig satsing på kvalitet, service og solid fagkunnskap, sjølv i eit krevjande marknad.

Eit sterkt lokalt engasjement

Teigen Bygg & Trelast er ikkje berre ein leverandør til byggebransjen, dei er òg ein bidragsytar til lokalsamfunnet. Som hovudsponsor for IL Trio fotball, og gjennom støtte til andre lokale tiltak, legg bedrifta til rette for aktivitet og fellesskap på tvers av generasjonar.

– Vi har alltid vore opptatt av at folk skal kunna stola på oss. Kvalitet og service skal vere noko kundane kjenner igjen hos oss, og me handlar lokalt når det let seg gjere. Slik held me både bygda og bedrifta levande, seier dagleg leiar, Even Teigen.

Del av eit større fellesskap

Sidan 1997 har selskapet vore ein del av Bygger’n-kjeda, noko som har styrka både utval og tilgjenge for kundane. Samtidig har den lokale forankringa heile tida vore viktigast.

Med 40 år bak seg vil Teigen Bygg & Trelast fortsatt halde fram som ein trygg leverandør, samarbeidspartnar og samfunnsbyggjar, i ordets rette forstand.

Opprettet
29-10-2025
Oppdatert
29-10-2025